AkvaManager

AkvaManager frå bluesystems er ein unik programvare spesialutvikla for drift og administrasjon av servicebåtar i oppdrettsindustrien. Systemet gjer reiarar ei fullintegrert og effektiv løysing for alle administrative oppgåver knytt til drifta av fartøya, uavhengig av storleik på flåte. 

Mange rederi nyttar i dag ei rekkje ulike system, med eigne løysingar for alt frå inspeksjonsrapportering til kontraktshåndtering, fakturering, løn, vedlikehald og kvalitetssikring. Med AkvaManager kan alle desse jobbane utførast i éi og same dataløysing. Systemet vert levert med følgjande modular som standard:

  • Operasjonar, inkl. kunderapportar, fartøysdatabase, vedlikehaldsstyring 
  • Sikkerheitsstyring, inkl. avvik, kviletid, risk, sertifikat, kompetansestyring
  • Administrasjon, inkl. fakturering, kontrakt, mannskap, løn, kundehandsaming
  • Prosessautomatisering
  • Økonomi og driftsrapportar
  • Integrasjon i tredjeparts programvare, som løn, rekneskap m.m.