
Frukostmøte: Bli betre på samhandling ved hjelp av digitale verktøy
NMEC inviterer inn til frukostmøte saman med medlemsbedriftene bluesystems og Marine Manager. Dei har med seg Tero Marine frå Bergen, og vil presentere korleis løysingar frå desse tre bedriftene kan hjelpe di bedrift til å bli betre på samhandling ved hjelp av digitale verktøy.
Du vil òg bli kjent med NMEC sin lærling som vil fortelje om sin oppvekst i ein digital tidsalder, og kva forventningar han erfarer at ungdom har til digitale verktøy, samarbeid og samhandling i arbeidslivet.
Meld deg på frukostmøtet hos nmec.no, og ta gjerne med folk frå eigen organisasjon. Møtet er særskilt relevant for reiar, verft og underleverandørar til desse, og elles leiarar og tilsette som er eller skal i gong med digitalisering i si bedrift.
Vel møtt!
Program
07:45 |
Kaffi, registrering og frukost |
08:00 |
Velkommen |
|
v/Rektor Rune Gåsland |
08:10 |
TM Master – eit utbredd vedlikehaldssystem for skip |
08:30 |
Marine Manager – effektiv samhandling i prosjekt ved kai AkvaManager – effektiv drift og administrasjon av båtar |
08:55 |
Mingling |
09:10 |
Ungdom, digitale verktøy, samarbeid og samhandling |
09:20 |
Korleis vil integrasjon mellom ulike verktøy auke effektivitet i samhandlinga mellom kunde, verft og underleverandørar? |
09:40 |
Takk for i dag og vel heim |