ECOFEEDER

TESS har utvikla ein ny generasjon leidning, tilpassa både notidas og framtidas forventningar til ressursgjenvinning, slitestyrke, UV-bestandighet og HMS. Produktet heiter ECOFEEDER, og er den første berøringssikre fôrslangen som kan resirkulerast til same produkt.

Under utviklingsprosessen sette ein seg føre å finne fram til den optimale blandinga av PE100 og eit leiande materiale. Resultatet er at spenning vert leia rett gjennom slangeveggen og til sjø/jord. TESS leverer 500 meters lengder som standard, men kan levere i kundetilpassa lengder inntil 560 meter skøytefritt.

Det var og ein målsetnad at levetida skulle utvidast med 50 prosent, samanlikna med kva brukaren var van med. Målingar under praktisk bruk viser at den nye fôrslangen frå TESS har ei slitestyrke som representerer noko heilt nytt i bransjen. Etter over eitt års bruk har referansekundar uttrykt stor begeistring for ei levetid dei aldri har opplevd tidlegare. Levetida bidreg til å rasjonalisere drifta av anlegga, og har sprengt forventningane ein hadde med stor margin.

Tek ein i betraktning at den norske næringa kjøper ein million meter nye fôrslanger kvart år, viser enkle utrekningar at CO²-utslepp frå produksjonen av første generasjons slangar kan reduserast med 12-15 millionar kilo. Dersom ECOFEEDER hadde teke over heile marknaden, ville det med andre ord gjeve ei betydeleg besparing på miljøet.

Ønskjer du å bidra til eit reinare miljø, eller berre ønskjer meir informasjon om ECOFEEDER, ta kontakt med din TESS-forhandlar!