Embicon nytt medlem i NMEC

Embicon er nytt medlem i NMEC, og er eit lite firma som har fått eit solid fotfeste innan oppdrettsnæringa med sine produkt.

Embicon leverer blant anna verktøyet Embilink, som er ein målestasjon i Aqua-systemet bygd for å måle miljødata i oppdrettsmerdar. Verktøyet samlar inn nøkkeldata innan fiskehelse, slik som oksygennivå, saltnivå, havstraum og bølgjer, og presenterer det deretter til brukaren på ein enkel og lettfatteleg måte. Systemet er under stadig utvikling, og nye modular er undervegs.

– Gjennom medlemsskapet i NMEC ønskjer me i Embicon å få til eit tettare samarbeid med fleire av medlemsbedriftene til NMEC, både i forretningsprosjekt ut mot kunde, men òg i høve til samarbeid rundt læreplassar, for å sikre fleire relevante lærlingplassar lokalt, fortel dagleg leiar Lars Magne Endresen.

Me ser fram til godt samarbeid!