Amundsen Diving medlem i NMEC

Sorry, this entry is only available in Norwegian Nynorsk. For the sake of viewer convenience, the content is shown below in the alternative language. You may click the link to switch the active language.

Cecilie Tingvoll Hope og Geir Amundsen synes det er flott at lokale bedrifter kjem tettare på kvarandre gjennom samarbeidet i NMEC.

Amundsen Diving er nytt medlem i NMEC, og er ei verksemd som utfører eit bredt spekter av tenester innan dykking og ROV-tenester.

– Amundsen Diving er eit selskap med lang historie, som kan levere alt frå undervasstenester subsea, ROV, dykking, inspeksjon, legging og vedlikehald av sjøkabel, støyping i sjø, inspeksjon av skrog, demolering av riggar, thrusterbytte i sjø, og mykje meir, fortel dagleg leiar Geir Amundsen. – Me er tungt inne i energi- og fornybarbransjen i dag, og ønskjer å få eit enno sterkare fotfeste i sistnemnde.

Amundsen Diving ser fleire fordelar med å vere medlem i NMEC.

– Gjennom medlemsskapet kan me dele kompetanse og nettverk med andre medlemsbedrifter, delta i teknologiutviklingsprosjekt, og vere med på å spele kvarandre gode gjennom samarbeid, fortel Amundsen. – Me vil òg bidra til å utvide tenestetilbodet til NMEC i forhold til kva arbeid som kan utførast ved kai for kundane som kjem til Rubbestadneset, i form av skroginspeksjonar i sjø, og andre undervassoperasjonar.