bluesystems nytt medlem hos NMEC

Sorry, this entry is only available in Norwegian Nynorsk. For the sake of viewer convenience, the content is shown below in the alternative language. You may click the link to switch the active language.

Dagleg leiar Michael Conrad ser fram til samarbeid med andre medlemsbedrifter i NMEC.

I januar vart bluesystems AS medlem av NMEC. bluesystems er ei verksemd som leverer eit bredt spekter av IT-tenester, med særleg fokus på digitalisering av maritime operasjonar. Bedrifta er spesialisert på drift av IT-system, utvikling og drift av programvare og utvikling av ROV-teknologi innan maritim bransje og havbruk.

bluesystems er eit selskap under utvikling, som har gått frå å vere eit IT-driftsselskap, til å bli ein programvareleverandør og leverandør av teknologiløysingar retta mot maritim industri, fortel dagleg leiar Michael Conrad. – Me ønskjer å vere eit ekstra tilbod til kundar ved kai på Rubbestadneset, og har samstundes eit sterkt ønskje om å vere ein partnar i utviklingsprosjekt for å utvikle nye løysingar saman med industrien.

bluesystems ser store fordelar med å bli med i NMEC-samarbeidet. – Gjennom medlemsskapet har me forventningar til å utveksle kompetanse med dei andre medlemmane gjennom spanande utviklingsprosjekt, og kunne dra nytte av kvarandre sine nettverk for å utvide forretninga vår, fortel Conrad.