Bømlo-klynge i medvind

Sorry, this entry is only available in Norwegian Nynorsk. For the sake of viewer convenience, the content is shown below in the alternative language. You may click the link to switch the active language.

I vinden: Dagleg leiar Nina Ingvaldsen gler seg over tilveksten i industriklynga NMEC på Rubbestadneset, her representert ved Karl Totland frå Advision (t.v.), Tor Heine Østervold og Odd Bjørn Snorrason frå Marine Manager, Sverre Olav Svarstad frå Bømlo Fiskerihavn, Rune Gåsland frå Rubbestadnes vidaregåande skule og Jan Willy Folgerø-Holm frå Veteranlaget Wichmann Wärtsilä.

Industri- og teknologiklynga NMEC på Rubbestadneset er i stadig vekst og utvikling, og har i vår fått fleire spennande aktørar med på laget. – Inspirerande, seier dagleg leiar Nina Ingvaldsen.

Våren 2017 etablerte lokale industriverksemder på Rubbestadneset klyngesamarbeidet Norwegian Marine & Energy Complex (NMEC). Eitt år etter blomstrar samhandlinga, og klynga trekker stadig til seg nye bidragsytarar.

– I løpet av dette første året har me nær tredobla talet på medlemmer, og NMEC tel i dag 13 medlemsbedrifter og tre kunnskapspartnarar, fortel Ingvaldsen.

Ilder AS, Bømlo Fiskerihavn AS, Marine Manager AS, Advision AS, Rubbestadnes vidaregåande skule, Bømlo vidaregåande skule og Veteranlaget Wichmann Wärtsilä er dei siste tilskota i klyngesamarbeidet. Nyleg presenterte alle sju seg for resten av samarbeidspartnarane.

I bresjen for ny teknologi

– Målet med NMEC er å auke den samla konkurransekrafta til medlemmane, og på sikt å bli ei verdsleiande teknologiklynge innanfor områda maritim, olje og gass, fiskeri og havbruk, forsvar og fornybar energi. Dei nye medlemmane kompletterer NMEC med kompetanse, nytenking og samarbeidsvilje, og me ønsker dei hjarteleg velkomne, seier Ingvaldsen.

Utgangspunktet for etableringa av NMEC var å styrka arbeidet som medlemsverksemdene utfører på skip som kjem inn for service og vedlikehaldsoppdrag på Rubbestadneset. På dette området vert samarbeidet stadig tettare og betre – til beste for kundane.

I tillegg jobbar fleire klyngepartnarar saman i spennande utviklingsprosjekt. Salmo Solar, som UNITECH har starta saman med Bremnes Seashore, er eitt døme. I dette prosjektet, der også LOS Elektro bidrar, er målet å utvikla eit flytande oppdrettsanlegg som genererer all energi det treng frå sol, vind og bølgjer. LOS Marine, LOS Elektro, Advision, Wärtsilä og Westcon Olvondo er òg i gang med eit pilotprosjekt der det nye digitale prosjektstyringsverktøyet Marine Manager blir testa på konkrete service- og vedlikehaldsoppdrag. Verktøyet er utvikla i tett samarbeid med Ilder, eit selskap oppretta for å vere ein sterk samarbeidspartnar for realisering av avanserte IT-løysingar for klyngebedriftene i NMEC.

– Det å ha slik solid IT-kompetanse som del av ei industriklynge, er heilt unikt, og vil vera viktig for bedriftene framover i deira arbeid med digitalisering, seier Ingvaldsen.   

Storutbygging

NMEC-medlemmar er også i gang med ei industriutbygging utan sidestykke på Rubbestadneset. Like aust for Wärtsilä er grunnarbeidet til UNITECHs nye teknologisenter undervegs. Planen er at senteret skal stå klart i 2019.

Endå litt lengre aust har DOCKExpress, eit selskap eigd av LOS-gruppen, planane klare for ein ny dokk. Denne vert stor nok til miljøvenlege service- og vedlikehaldsoppdrag på dei fleste båtar og skip som opererer i Nordsjøbassenget. Målet er opning i 2020, og det er LOS Marine som skal drifta dokken.

Dette er dei nye NMEC-medlemene:

  • Ilder AS: Nyetablert Bømlo-bedrift med tung kompetanse på prosjektering, design og støtte til utvikling av avanserte IT-system.
  • Bømlo Fiskerihavn AS: Jobbar for etablering av ei ny og moderne fiskerihamn med tilhøyrande, sjønært næringsområde i Langevåg sør på Bømlo.
  • Marine Manager AS: Austevollsfirmaet er leverandør av eit heilt nytt, digitalt prosjekt- og effektiviseringsverktøy for den maritime sektoren.
  • Advision AS: Bømlo-firma som har 30 års erfaring med PA-anlegg, intercom, kameraovervaking og andre lyd- og bildesystem til bruk om bord i skip.
  • Rubbestadnes vidaregåande skule: Som næraste nabo til industriklynga, står skulen for ein stolt og lang tradisjon med utdanning av mekanikarar, elektrikarar, automatiseringspersonell og sjøfolk.
  • Veteranlaget Wichmann Wärtsilä: Eit mangfaldig seniortilbod som tek vare på den stolte industrihistoria på Rubbestadneset. Lagsmedlemene utfører mellom anna restaureringsoppdrag på verneverdige fartøy, har ansvar for den historiske Wichmann-smia og -arkivet, og dei driv kunnskapsoverføring og formidling gjennom ulike kurs og foredrag.
  • Bømlo Vidaregåande skule: Med ei historie attende til 1972, kan Bømlo vidaregåande på Svortland i dag tilby fem allsidige studieførebuande og yrkesfaglege studieretningar til sine vel 300 elevar.

(Alle medlemsbedrifter og kunnskapspartnarar er presenterte her på nmec.no. )

 

For meir informasjon, kontakt:

Nina Ingvaldsen
Dagleg leiar, NMEC
Tlf.: 905 47 929
E-post: nina@nmec.no

nmec.no