NMEC på eigarsida i Sustainable Energy

Sorry, this entry is only available in Norwegian Nynorsk. For the sake of viewer convenience, the content is shown below in the alternative language. You may click the link to switch the active language.

First customer at Sustainable Energy NCC test center

Det nye katapult-senteret Sustainable Energy er etablert på rekordtid og består av cirka ti lokalitetar med infrastruktur for testing av nye grøne energisystem. Senteret sin fyrste kunde vart IKM Technology, som testa ein elektromotor under vatn i The Switch sitt testsenteret på Stord. Det nye katapult-senteret vart initiert av NCE Maritime CleanTech og er ein del av Siva SF si Norsk #Katapult-ordning, som skal gjera norske verksemder meir konkurransedyktige. Bergen Teknologioverføring – BTO Haugaland Kraft AS Unitech Offshore Norwegian Marine & Energy Complex

Publisert av Sustainable Energy Norwegian Catapult Centre Torsdag 20. desember 2018

20. desember var NMEC på plass i stiftingsmøtet for den norske katapulten Sustainable Energy, og går med dette inn på eigarsida saman med UNITECH, Haugaland Kraft, Bergen teknologioverføring og NCE Maritime CleanTech. – NMEC er med på laget i utviklinga av eit nasjonalt testsenter for bærekraftige energiløysingar, seier dagleg leiar i NMEC Nina Ingvaldsen.

Det var i juni 2018 at NCE Maritime CleanTech fekk i oppdrag frå Siva å byggja opp eit nasjonalt katapultsenter for bærekraftig energi, som byggjer på kompetanse og testfasilitetar hos leverandørindustri og forskingspartnerar i klynga deira. – NCE Maritime CleanTech tok kontakt med NMEC hausten 2017 og lurte på om me ville bli med på eigarsida. Den moglegheita takka me sjølvsagt ja til, fortel dagleg leiar i NMEC Nina Ingvaldsen.

Kva er ein norsk katapult?
Norsk katapult er ei ordning med nasjonale senter som tilbyr fasilitetar, utstyr, kompetanse og nettverk. Katapult-sentra skal gjere det enklare for innovative bedrifter å utvikle prototypar, teste, simulere og visualisere, slik at idear vert utvikla raskare, betre og med mindre risiko. Det er i dag etablert fem ulike katapultsenter i Noreg, og Sustainable Energy er eitt av desse.

– Sustainable Energy består av teknologisenteret til UNITECH, testsenteret for kraftelektronikk hos the Switch, Haugaland kraft sitt mikronett på Utsira, testfasilitetar i sjø hos MetCenter, testskip frå fleire rederi og testfasilitetar hos dei ulike kompetansepartnarane. Her kan ein prototype, utvikle og teste produkt innanfor bærekraftige energiløysingar, frå konseptstadiet til det er klart til marknaden, fortel dageleg leiar i UNITECH Gunnar Birkeland.

UNITECH stiller med areal og verktøy for prototyping og testing på teknologisenteret, og testutstyr for testing i sjø. – I tillegg vil me ha ein del kompetanse ved teknologisenteret som kundar til katapulten kan nytta seg av, fortel Birkeland.

Bruk av katapultsenteret
– Om ein bedrift har behov for testfasilitetar eller kompetanse i utviklingsprosjekt som omhandlar bærekraftige energiløysingar, tek ein berre kontakt, og så skreddersyr me eit tilbod med den kompetansen og testfasilitetane som bedrifta har behov for. Verre er det ikkje, seier dagleg leiar i Sustainable Energy Willie Wågen.

Willie har jobba som prosjektleiar for Katapulten sidan august 2018, og har stor tru på ordninga. – Det å få lett tilgang på relevant infrastruktur og kompetanse for bedrifter som driv produktutvikling, vil gjere utviklingsarbeidet mykje meir effektivt. Eg har stor tru på at langt fleire produkt vil finne marknaden no når desse katapultsentra er oppe og går.

NMEC si rolle i Sustainable Energy
Gjennom deltakinga i katapulten ønskjer NMEC å vere ein tilbydar av praktisk og erfaren kompetanse frå industrien. – Tilsette i dei ulike medlemsbedriftene til NMEC har solid hands-on erfaring frå mange problemstillingar produktutviklarar innan bærekraftige energiløysingar kan støyte på, og då gjerne innan mekaniske fag, fortel Ingvaldsen.

– Moglegheita til å leige inn kompetanse frå NMEC i produktutviklingsprosjekt kan ha stor verdi for fleire av dei kundane som kjem til Sustainable Energy, og me ønskjer dei velkomne til å ta kontakt med oss via katapulten.

Om katapult-ordninga
Norsk katapult vert finansiert av Nærings- og fiskeridepartementet og blir forvalta av Siva i samarbeid med Forskningsrådet og Innovasjon Norge.

Det er til no etablert fem katapultsenter i Noreg. I tillegg til Sustainable Energy finnes det i dag eitt katapultsenter for materialteknolog, eitt for produksjonsteknologi, eitt for havinnovasjon og eitt for simulering, digitale tvillinger og virtuell prototyping. 

For meir informasjon om Sustainable Energy, kontakt: 

Willie Wågen
Prosjekt leiar Sustainable Energy norsk katapult-senter
Tlf.: 957 53 942
E-post: willie@maritimecleantech.no

Last ned Sustainable Energy si pressemelding som PDF