GAC Norway til Rubbestadneset!

GAC Norway har opna kontor på Kompetansegården i Rubbestadneset. Frå venstre Heine Hovda GAC Norway, Johannes Seim LOS Elektro og Olav Koløy LOS Marine. Foto: NMEC

I mai i år etablerte GAC Norway kontor i Kompetansegården på Rubbestadneset.

«Med dei utbyggingsprosjekta og den aktiviteten som er her på Rubbestadneset, er dette ein naturleg plass å etablere seg,» fortel Heine Hovda som leier avdelingskontoret.

GAC er eit selskap med over 9 000 tilsette på verdsbasis. GAC Norway har om lag 100 tilsette i Noreg, fordelt på fleire lokasjonar. I Oslo, Bergen og Stavanger finn ein flest tilsette, men dei har òg kontor langs heile kysten. Bømlo-kontoret har nedslagsfelt i Sunnhordlands- og Haugalandsregionen.

«GAC er ein verdsleiande leverandør av shipping, logistikk og marine løysingar for den maritime industrien. GAC er skipsagent og leverandør av logistikktenester som handsaming av anløp til hamn, innkjøp og forsyning, bunkring, handtering av mannskapsbyter og så vidare. Med andre ord handsamar me alt av logistikk for transport på veg, luft og sjø, både nasjonalt og internasjonalt,» fortel Heine.

I industriklynga på Rubbestadneset vert GAC teken vel i mot av eksisterande bedrifter. LOS Marine og LOS Elektro ser stor nytte av å få ein aktør som GAC tett på.

«Den kompetansen som GAC har på til dømes frakt og fortolling, er kompetanse som vil komme til god nytte – ikkje berre hos oss, men òg hos kundane våre,» fortel dagleg leiar i LOS Marine Olav Koløy.

Om nokre år er den nye dokken til LOS Gruppen på plass, og aktiviteten på området vil auke vesentleg i forhold til i dag. 

«Når ny dokk er på plass, skal ein ikkje sjå vekk i frå at GAC-kontoret på Bømlo må ha fleire tilsette», seier avdelingsleiar for maritim i LOS Elektro Johannes Seim.

«I tillegg til å vere skipsagent og leverandør av logistikktenester, kan GAC og nyttast som rådgjevar til industrien på område der dei har behov. Og blir flytande havvind like stort i Sunnhordlands- og Haugalandsregionen som det ein håpar på, vil det vere ein spennande marknad å utvikle seg i det også», seier Heine til slutt. 

NMEC og medlemsbedriftene ønskjer GAC Norway hjartleg velkommen til Bømlo og Rubbestadneset, og ser fram til godt samarbeid.