Kabelprosjekt

UNITECH utviklar for tida ei ny løysing for produksjon av undersjøiske straumkabler som skal resultere i nær uendelege kabellengder utan skøyt, til lågare pris og høgre kvalitet enn kablar i marknaden i dag. Til dette føremålet  skal det byggjast ein flytande kabelfabrikk, som er ei vidareutvikling av eit opprinneleg konsept utvikla og patentert av Cabletanker AS og GM Jacobsen. Den flytande fabrikken skal plasserast ved teknologisenteret på Rubbestadneset, men det vil vere mogleg å flytte heile fabrikken til andre lokasjonar ved behov.

Det skal nyttast aluminium som leiande materiale i kablane i stadan for kopar. Her vil det vere eit samarbeid med Hydro og Norcable. Hydro Karmøy produserer aluminiumlegeringa, den nystarta trådfabrikken til Norcable på Karmøy produserer aluminiumstrådane, og UNITECH vil tvinne saman og plastbelegge kablane før dei vert frakta sjøvegen til den flytande fabrikken ved Rubbestadneset kor dei ferdige straumkablane blir produsert. Kablane vil blant anna vere eit viktig ledd i UNITECH si satsing innan offshore vindkraft.