Marine Manager

Marine Manager AS piloterer prosjekt- og effektiviseringsverktøyet Marine Manager saman med medlemsbedriftene LOS Marine, LOS Elektro, Advision, Wärtsilä og Westcon Olvondo. I pilotprosjektet brukar ein velutprøvd teknologi for å digitalisere oppgåver for alle involverte partar i nybygging, ombygging og reparasjon/dokking av skip.

Frå sommaren 2018 og ut året, vil medlemsbedriftene til NMEC styre prosjekt og ha ein totaloversikt over desse i Marine Manager via stasjonære einingar, mobilar og nettbrett. I pilotprosjektet vil alle frå kunde til prosjektleiar, fagarbeidar og underleverandør få tilgong til naudsynt informasjon gjennom systemet. 

Marine Manger AS vil ha tett oppfølging av piloten, og saman vil medlemsbedriftene utvikle framtidas mest brukarvenlege prosjektstyringsverktøy for den maritime sektoren!