Bømlo Fiskerihavn

Bømlo Fiskerihavn skal vere ei sikker fiskerihamn med moderne infrastruktur som legg til rette for meir næringsareal ved sjø, slik at ein kan utføre meir av arbeidet knytta til fiskeri tett på næringa. Arbeidet med utvikling av fiskerihamna er godt i gong, med nye kvotar, båtar og utvidig av lakseslakteriet, og skipsverftet like ved utvidar sine fasilitetar for mellom anna støtte opp om fiskerihamna. Arbeid med ny molo pågår, og denne vil vere klar i 2024/25.

Det vert arbeidd for at hamna skal huse fleire næringsaktørar, slik som: 

  • Isoporkassefabrikk
  • Servicestasjon for oppdrettsnøter
  • Fiskerikompetansesenter (kursing, fagbrev og praksisplassar)
  • Sjømatproduksjon/vidareforedling
  • Utskiping av avfall frå lakseoppdrett
  • Andre underleverandørar til næringa

Ta kontakt med Bømlo Fiskerihavn for meir informasjon.