DOCK Express

I 2020 vil det vere ein unik, overbygd tørrdokk tilgjengeleg på Rubbestadneset.

Dokken vil vere stor nok til å kunne ta inn dei fleste båtar og skip som opererer i Nordsjøbassenget, og her vil ein kostnadseffektivt for kunden kunne utføre skipsservice og modifikasjonar. På Rubbestadneset arbeider ein for at kundar skal kunne gjere mest mogleg arbeid på båten medan den ligg til kai, og at alt arbeid skal utførast med null utslepp til miljøet rundt. 

Dokken blir utvikla av DOCK Express, eit selskap eigd av LOS Gruppen, og det er LOS Marine som vil stå for den daglege drifta.

For meir informasjon om dokkprosjektet, kontakt dagleg leiar i LOS Marine, Olav Koløy på 911 58 829.