UNITECH Teknologisenter

Q1 2019 planlegg UNITECH å ha sitt teknologisenter etablert på Rubbestadneset. Senteret er allereie teke opp i ordninga Norsk Katapult, og vil vere del av Sustainable Maritime Norwegian Catapult Center. Senteret vil gjere tilgjengeleg teknologi frå havnæringane til fleire bransjar, og legge tilrette for raskere industriell vekst gjennom effektiv testing, simulering og visualisering av ny teknologi og nye løysingar.  

UNITECH teknologisenter vil ha eit tydeleg miljøfokus i forskinga, og vere ein møteplass for dei som utviklar alt innan miljøteknologi og fornybar energi, særleg opp mot havnæringane. Det vil også vere ein møteplass for test og FoU innan subsea-industrien. Senteret vil bestå av ein kontordel, og ein stor utviklingshall der ein kan utvikle og teste ut idear ein kjem opp med. Innan 2020 ser UNITECH føre seg 120 tilsette på senteret med ulik forskings- og teknologikompetanse.

På teknologisenteret på Rubbestadneset vil du finne eit ekspansivt miljø med kompetente, handlekraftige, analytiske og nyskapande aktørar som ønskjer å gjere verda til ein grønare stad, samstundes som ein tener pengar og skapar nye arbeidsplassar.