Om NMEC

Norwegian Marine & Energy Complex (NMEC) består av medlemsbedrifter som arbeider med å vidareutvikle industrien gjennom samarbeid.

Medlemsbedriftene til NMEC har høgt fokus på nytenking og nyskaping, innehar praktisk erfaring med problemløysing og produktutvikling, er fagleg dyktige, effektive og gode på å samarbeide. Hovudmålet med NMEC er å bistå medlemsbedriftene med å synleggjere kva bedriftene samla sett kan levere av produkt og tenester, legge til rette for samarbeid i konkrete utviklingsprosjekt, og legge til rette for framtidsretta arbeidsplassar i ei svært aktiv og levande industriklynge i vekst. 

Foreininga vart formelt etablert i mars 2017 av dei lokale industribedriftene på Rubbestadneset i Bømlo Kommune, LOS Elektro, LOS Marine, Westcon Olvondo, Olvondo Technology, TESS og Wärtsilä, i tillegg UNITECH Offshore. Samarbeidet er finansiert av medlemsbedriftene og gjennom kompensasjonsmidlar frå Hordaland Fylkeskommune øyremerka prosjektet «Omstilling til optimal industriell samhandling».