Salmo Solar

UNITECH har saman med Bremnes Seashore m.fl. starta utviklingsprosjektet Salmo Solar som omhandlar fiskeoppdrett og energisystem til eksponerte kyststrøk. Av andre klyngemedlemmar, deltek LOS Elektro i samarbeidet.

Salmo Solar skal vere eit flytande fiskeanlegg der all energi som trengs vert generert av sol, vind og bølgjer. Det skal også vere ein energistasjon for alle som køyrer på fornybar energi, både over og under sjøen. Systemet er laga av ulike modular og kan bli tilpassa for kvar lokasjon, avhengig av teknologibehov, energisystem, vêrforhold, mv.

Les meir om Salmo Solar her: www.salmosolar.no