Samarbeid løftar nye produkt framover

– Dette var kjekt å bli invitert med på, seier Knut Andersen (midten) frå Veteranlaget Wichmann Wärtsilä. Han deltok saman med kollegaane Håkon Kvarven (til venstre) og Jan Willy Folgerø-Holm (til høgre).

Sist veke samla NMEC meir enn hundre år med praktisk erfaring frå LOS Gruppen, Wärtsilä og Veteranlaget Wichmann Wärtsilä for å bistå Olvondo Technology med problemløysing. –Verdifullt for eit oppstartsfirma som Olvondo Technology å få tilgang til praktisk kompetanse på denne måten, seier dagleg leiar Stefano Vittor.

Olvondo Technology har utvikla ei varmepumpe baserte på Stirling-teknologien, som produserer damp frå fjernvarme, samstundes som den gjer kjøling. Løysinga reduserer bruk av naturgass og CO₂-utslepp i industriell produksjon, er vert brukt i alt frå meieri- til lækjemiddelindustrien. Bedrifta fekk nyleg 23 millionar kroner frå EU til å vidareutvikle produktet, og arbeider no med forbetringar på fleire område.

– Gjennom eigarane våre og medlemsskapet i NMEC har me fått god kontakt med det mekaniske kompetansemiljøet i Rubbestadneset, og gjennomførte denne veka ein workshop saman med samarbeidspartnarane der. Her møtte høgt kvalifisert personell frå ulike medlemsverksemder som hadde erfaring på dei problemstillingane som vart løfta, og me fekk gode innspel og diskusjonar, fortel Vittor. 

Opnar opp for kompetansedeling

Blant dei som deltok var erfarne tilsette frå LOS og Wärtsilä som arbeider med tilsvarande problemstillingar til dagleg, men innan andre næringar. – Det å bruke kompetanse frå den maritime industrien inn mot fornybar energi og energigjenvinning, er eit av satsingsområde til NMEC, fortel dagleg leiar Nina Ingvaldsen.

– Ein liten eller mellomstor bedrift som driv med teknologiutvikling har ikkje moglegheit til å ha all kompetanse og erfaring innomhus. At medlemsbedriftene til NMEC på Bømlo opnar opp for å hjelpe kvarandre med konkret problemløysing i produktutviklingsprosjekt, er viktig for å vidareutvikle industrien lokalt og for å bidra til ny aktivitet og nye arbeidsplassar, seier Ingvaldsen. Ho fortel vidare at NMEC mottek midlar frå Hordaland fylkeskommune for å legge til rette for slikt samarbeid. – Støtta me mottek frå fylket er av stor verdi, og me ville ikkje fått til slikt samarbeid utan.

Brukar seniorkompetanse

På workshop-en om varmepumpa var det mykje seniorkompetanse representert gjennom pensjonerte fagfolk som i dag er tilknytta Veteranlaget Wichmann Wärtsilä. – Teikningane av varmepumpa liknar til dels ein Wichmann 28-motor, fortel Håkon Kvarven og kjenner igjen problemstillingane som Olvondo Technology støyter på.

Kvarven synes det er kjekt å vere med på slike workshop-ar, og etterlyser at fleire bedrifter tek kontakt og brukar det erfarne kompetansemiljøet til Veteranlaget i produktutviklingsprosjekt. – Me kan mykje om kva som er viktig når ein driv og lagar produkt. Om kunsten å halde det enkelt, og kor viktig det er å samarbeide på tvers av ingeniørar og fagarbeidarar for å sikre at ein utviklar produkt som er enkle å byggje og driftssikre gjennom heile levetida.

– At fagmiljøet på Rubbestadneset opnar opp for å bidra med kompetanse og erfaringsdeling slik dei gjer, er ein stor fordel for oss som driv produktutvikling. No skal i alle fall me reise tilbake til Drammen og arbeide vidare med dei gode innspela me fekk i workshop-en, seier ein nøgd Vittor.

Ståle Stavland frå LOS Elektro (til venstre) og Torbjørn Selle frå Wärtsilä (til høgre) følgjer interessert med når Karl Undheim frå Wärtsilä (midten) spelar inn forslag til produktet.

For meir informasjon, kontakt:

Nina Ingvaldsen
Dagleg leiar, NMEC
Tlf.: 905 47 929
E-post: nina@nmec.no

nmec.no