Frakt av levande sjømat

UNITECH har saman med Tromsø-firma SG Trans utvikla ein ny type kontainer for transport av levande sjømat. Det er lagt stor vekt på velferd for sjødyra i utviklinga av kontaineren, som består av tank til sjødyra, eit anlegg for resirkulering og eit anlegg for kjøling. Med denne løysninga skal sjømaten kunne fraktast levande i to veker utan at ein treng å skifte vatn.

Ein vellukka testtransport av krabbe frå Nord-Noreg til Nederland er allereie gjennomført, og teknologien vert no vidare utvikla for ytterlegare optimalisering.