Sunnhordland Brannsikring AS med samarbeidsavtale med Viking LSE

Sunnhordland Brannsikring AS er stolt over å endeleg komma ut med nyheita at me no har laga ein samarbeidsavtale med Viking LSE og no er Viking Norsafe forhandlar i Sunnhordland.

Pressemelding 01.03.2021

Sunnhordland Brannsikring AS er stolt over å endeleg komma ut med nyheita at me no har laga ein samarbeidsavtale med Viking LSE og no er Viking Norsafe forhandlar i Sunnhordland.

Med dette har me knyta oss til den største og mest kompetente bedrifta innan sikkerheit til sjøs.

Men kan no tilbyd sal og service av alle typar redningsflåtar og drakter. Ein kan levere sikkerheits utstyret til service hjå oss i Rubbestadneset på Bømlo, eller kjem me å hentar det der båten ligg. Nye redningsflåtar, redningsdrakter, pyroteknisk utstyr og liknande blir ein etterkvart ein del av lageret vårt.

Sunnhordland Brannsikring kan no tilby meir komplette pakkar til eksisterande kundar på sjø i Sunnhordland. Me får tilgang på ein enorm kompetanse innan marin brannsikkerheit og kan i samarbeid gjer jobbar som tidlegare var for store for oss aleine. Dette er heilt i tråd med Sunnhordland Brannsikrings målsetting om satsing og vekst i den maritime marknaden.

– Å få dette heim til Bømlo er fantastisk. Denne samarbeidsavtalen vil komma våre lokale kundar til gode. Tett oppfølging og kort responstid er noko av det me er best på. Desse tenestene er noko den blomstrande verftsindustrien og havnæringa på, og rundt Bømlo verkeleg har bruk for. Og no er me klar til å hjelpa alle, om det er arbeidsbåt, sjark eller skip.

Svein Martens
Daglig leder
Telefon: 47 90 68 68
Arbeidstelefon: 950 05 110
svein@slukk.no
slukk.no