Sunnhordland Technologies medlem i NMEC

I mars signerte Sunnhordland Technologies avtale om medlemsskap i NMEC. Sunnhordland Technologies har etablert selskapet i lokala på snøggbåtkaien i Rubbestadneset, og er snart klar med sin framtidsretta og autonome maskineringsfabrikk.

Sunnhordland Technologies er teken opp som medlem i NMEC. Her er dagleg leiar Kurt Magne Kvernøy avbilda saman med dagleg leiar Michael Conrad i bluesystems. (Foto: Sunnhordland Technologies FB)

Først og fremst er Sunnhordland Technologies er eit teknologiselskap, og har til misjon å realisere digitale løysingar for kundane sine.

«Me ønskjer å tilby kundane våre bistand til å effektivisere prosjektleveransar, rapportar og forbetringsarbeid gjennom implementering av smidig arbeidsmetodikk og skybaserte IT-løysingar», fortel dagleg leiar Kurt Magne Kvernøy.

I tillegg leverer dei analysetenester retta mot optimalisering av automasjonssystem i verksemder.

«For nokre år sidan kom me i tillegg opp med ideen om å lage ein autonom maskineringsfabrikk, der me ved hjelp av robotteknologi kunne maskinere komponentar lokalt – på ein rask og effektiv måte, i stadan for å handle desse i utlandet. Resultatet er i4Factory, som er ein maskineringsfabrikk som straks står klar på kaien i Rubbestadneset,» fortel Kvernøy, og legg til at det òg er under planlegging ein 3D-printerfabrikk.

«Me har allereie fått til samarbeid med fleire av medlemsbedriftene til NMEC, blant anna har me ein god dialog med UNITECH i høve korleis vår fabrikk kan gje eitt bidrag til i det å bygge norske leverandørkjedar innan flytande havvind, og to bedrifter lokalt som ønskjer bidrag frå robotproduksjonen.».

Sunnhordland Technologies tek elles sikte på å bygge opp eit showroom i lokasjonen sin på Rubbestadneset, med diverse utstyr innan Industri 4.0. Her vil det då bli mogleg å sjå og få inspirasjon til å ta ny teknologi i bruk.

NMEC er glad for å få Sunnhordland Technologies inn som medlem, og ser fram til samarbeid i åra som kjem.