Amundsen Diving har testfasilitetar i sjø for testing av til dømes pumper.
Test siten er eit inngjerda kaianlegg med gode lagringsfasilitetar både inne og ute, truck- og krankapasitet samt moglegheit for høgspent og lågspent.
Amundsen Diving har testfasilitetar i sjø for testing av til dømes pumper.
Test siten er eit inngjerda kaianlegg med gode lagringsfasilitetar både inne og ute, truck- og krankapasitet samt moglegheit for høgspent og lågspent.
Service retta mot shipping- og offshorenæringa har alltid vore ein betydeleg del av Wärtsilä si verksemd i Noreg.
Vår portefølje er den breiaste i marknaden, og dekker alt frå reservedelar, vedlikehald og teknisk støtte, til oppgraderingar, ombyggingar og langsiktige serviceavtalar. Kompetansen vår er bygd på kontinuerleg utvikling gjennom generasjonar.
Vår attraktive verkstad på Rubbestadneset har tilsette som har brei kompetanse innan mekaniske fag. Våre servicetenester inkluderer in-situ maskinering, oppgraderingar, vedlikehald, lasermålingar og opprettingar. Ein eigen avdeling tilbyr og overhaling og optimalisering av propellar og thrustarar, med spesialistar på området. Vår moderne verkstad gjer dessutan at jobben blir gjort på en svært effektiv måte.
I tillegg har me eit stort fagmiljø innan elektro- og automasjon på Stord. Me støttar kundane våre på optimalisering og fornying av framdrifts- og elektro-/automasjonssystem.
Med denne totaliteten gjer me deg tryggleik. Tryggleik for at verkstadsopphaldet blir som forventa. Tryggleik for at liggetida blir redusert til eit minimum.
Våre kjerneverdiar, Ansvar, Engasjement og Trivsel, skal merkast i kunden sine prosjektfasar.
Olvondo handsamar alt frå enkelttenester og nøkkelferdige komponentar, til komplette prosjektsamanstillingar inklusive testing.
Vår spesialitet er ein fleksibel maskinpark som er spesielt godt egna for relativt store og komplekse produkt og komponentar. I tillegg til å vere ein fabrikasjonspartnar har me og lang erfaring med å industrialisere nye produkt og løysingar for marknaden, kor me arbeider fram og dokumenterer beste arbeidsmetodar saman med kundane våre. Industrien på Rubbestadneset er vidt kjent for å levere kvalitet, noko me alltid har i fokus for å sikre optimale totalkostnadar for våre kundar.
Kontakt oss på http://www.olvondo.no/contact eller ring +47 53 01 44 40.
LOS Elektro er ein totalleverandør av elektrotekniske tenester til kundar innan marine næringar, både havnæringa og den maritime næringa, energisektoren og bygg- og anleggsbransjen.
Når det gjeld maritime operasjonar, som til dømes klassing, drift og vedlikehald, utfører me vedlikehald av generatorar, thrusterar og andre store elektriske maskinar på skip og offshore. Montørane og ingeniørane til LOS Elektro har brei kompetanse og lang erfaring med Ship Power produkt som frekvensomformarar, tavler, generatorar, motorar, framdriftsanlegg og alarmanlegg. Det kjem av at LOS Elektro har vore med på å byggje desse produkta gjennom fleire år, og deltek i igongsetting av anlegga, og bidreg med opplæring i programvara.
Me kan vise til effektiv prosjektgjennomføring og har tett og godt samarbeid med dei andre aktørene på Rubbestadneset.
Kontakt oss på http://los-elektro.no/kontakt, eller ring 53 42 21 00.
TESS er ein heilnorsk og landsomfattande leverandør av produkt og tenester. Kjerneprodukta er slangar og slangearmatur til alle føremål, med tilhøyrande tenester.
Som ein del av tenesteporteføljen tilbyr ein TESS Hose Management (THM). Dette er eit framtidsretta og kostnadsreduserande konsept for å optimalisere slangane sin verdi. Ved hjelp av ein digital plattform vert slangeparken overvåka for å optimalisere slangen si levetid, redusere risiko for driftsstans og bidra til vesentleg forenkling av anskaffingar.
I tillegg til å vere Nord-Europa sin største slangeleverandør, er TESS marknadsleiande på sveisprodukt, og kan stå til teneste med eit stort utval produkt som inngår i einkvar bedrift sine drift- og vedlikehaldsbehov.
UNITECH Energy Group er eit konsern med fleire selskap. UNITECH Offshore leverer undersjøiske kablar og koplingsboksar til olje og gass, samt kablar til flytande offshore wind. Dei er pådrivarar for å lukkast med industrialisering av havvind i Noreg, og arbeider tett med øvrig sentrale industrielle aktørar, både nasjonalt og internasjonalt.
På Rubbestadneset er dei ein av eigarane og sentral del i teknologisenteret. Teknologisenteret er ein prototypings- og testverkstad for produktutvikling innan maritim, havvind og havbruk, med særleg fokus på energioptimalisering og elektrifisering. Her vil UNITECH vidareutvikle ny teknologi som styrkjer deira forretning, samstundes vere ein tilretteleggjar for å vidareutvikle norsk industri inn i framtida gjennom problemløysing gjennom samarbeid – fagarbeidar til professor.
Les meir på https://unitechenergy.com Kontakt oss på https://unitechenergy.com/contact/ eller ring +47 55 30 05 70.
Olvondo Technology er eit produktutviklingsfirma, som har utvikla ei høgteknologisk varmepumpe for energigjenvinning. Selskapet starta i 2006 under namnet Single-Phase Power, og skifta namn til Olvondo Technology då Westcon Olvonodo og LOS Gruppen gjekk inn på eigarsida i 2016.
I over ti år har dei arbeidd med utviklinga av den Stirling-baserte fornybarteknologien kjend som SSP HighLift-varmepumpe og SSP HeatPower-motor. For dette arbeidet har Olvondo Technology motteke følgjande prisar:
I selskapet, og gjennom eigarane Westcon Olvondo og LOS Gruppen, har ein praktisk og erfaren kompetanse på alt frå engineering og design, til prosjektleiing, bygging, samanstilling, testing og vedlikehald.
Olvondo Technology har kontor i Holmestrand og på Rubbestadneset, Bømlo.
LOS Marine er et skipsserviceselskap med rundt 48 høgt kvalifiserte medarbeidarar i alle fag, gode djupvasskaiar, flytedokk, slipp, og i alt 3 000 m² med verkstadar.
LOS Marine si verksemd starta med overtaking av Wärtsilä si skipsserviceavdeling på Rubbestadneset sommaren 2014. Bedrifta har oppretthalde det gode samarbeidet med Wärtsilä og dei andre dyktige aktørane på Rubbestadneset, slik at LOS Marine kan gje kundane best mogleg totalservice på fartøya sine.
LOS Marine kan utføre alle typer servicearbeid parallelt på fartøy innan dei fleste kategoriar. Bedrifta tilbyr eit breidt tilbod av tenester som oppgradering og vedlikehald av alle typar skipsmotorar, elektro- og automasjonssystem, framdriftssystem, propellar og girkomponentar. LOS Marine maskinerer om bord, eller i eige maskineringssenter, utfører røyr- og stålreparasjonar, byggjer om og monterer utstyr. Bedrifta tilbyr og tenester som botnbehandling, sandblåsing av tankar, høgtrykkspyling, reparasjonar og maling av skrog m.m.
Kort sagt, det våre kundar treng når dei kjem til kai.
Kontakt oss på www.los-marine.no/kontakt.
Unngå driftsstans, ulukker, uføresette kostnader, stress, irritasjon eller omdømetap som skuldast val av feil utstyr og løysingar på AV-utstyr ombord!
Advision har gjennom nærare 30 år med lyd- og bildeløysingar for den maritime bransjen gjeve innsikt og erfaringar som er ein viktig del av
selskapet sin filosofi.
Me tilbyr våre kundar:
Les meir om Advision på advision.no.
Marine Manager AS er leverandør av eit heilt nytt og unikt prosjekt- og effektiviseringsverktøy for den maritime sektoren. Verktøyet heiter Marine Manager, er svært brukarvenleg, og brukar velutprøvd teknologi for å digitalisere oppgåver for alle involverte partar i nybygging, ombygging og reparasjon/dokking av skip. Gjennom Marine Manager får brukarane enkelt tilgang på alle relevante dokument til ein kvar tid, via stasjonære einingar, mobilar og nettbrett. Systemet tilfredsstiller alle behov for systematisk ferdigstilling.
Marine Manager er utvikla av personar med lang erfaring innan:
Gruppa har hatt eit sterkt fokus på at Marine Manager skal optimalisere og effektivisere kvardagen for alle involverte partar, frå rederi til verft og til underleverandør, og saman har dei utvikla eit verktøy som gjev ein unik moglegheit til å styre prosjekta på ein effektiv måte, som reduserer både tidsbruk og kostnadar.
Marine Manager er framtida innan prosjektstyring i den maritime sektoren!
For meir informasjon, sjå marinemanager.no.
Ilder AS er ei verksemd med topp kompetanse innan design og utvikling av avanserte informasjonsystem. Ilder er leia av Tor Gjøsæter med PhD innan designforsking og brukaroppleving frå Universitetet i Bergen, ansvarleg for datavitskap er Christian Bjartli med ein MSc i data science frå Harvard, USA. Me prosjekterer, designer og bistår i utvikling av avanserte IT-system som nyttar moderne web og app teknologiar.
Tenester, utvikling og design:
Tenester, forsking og R&D:
På Bømlo står fiskerinæringa sterkt. 28 % av Noregs pelagiske trålkvotar er tilhøyrande her, og i 2015 omsette næringa for 400 MNOK. Næringa sysselset 190 personar, derav 150 om bord på totalt 125 registrerte fiskefarty, og 9 havgåande farty. Båtane generer tilsaman verdiskaping for omkringliggjande lokale næringar for 100 MNOK kvart år. Lokale fiskeribedrifter på Langevåg har etablert eit samarbeid gjennom Bømlo Fiskerihavn AS for å saman arbeide for ei konkurransedyktig og berekraftig næring i framtida. Dei som utgjer Bømlo Fiskerihavn AS er:
Bømlo Fiskerihavn opptekne av å leggje til rette for meir næringsareal ved sjø, og utføre meir av arbeidet knytta til fiskerinæringa tett på. Dette fører til kortare seilasar og mindre transport på land, og dermed mindre utslepp og fotavtrykk på miljøet rundt. Bømlo Fiskerihavn AS vil difor forskuttere arbeidet med fiskerihamn på Langevåg, fram til finansieringa føreligg i Nasjonal transportplan. Saman ser ein òg på korleis leggje til rette for vidare vekst gjennom interessante og framtidsretta arbeidsplassar, lærlingeplassar og praksisplassar i område rundt.
For meir informasjon, sjå bomlofiskerihavn.com.
bluesystems AS er ei verksemd som leverer eit bredt spekter av IT-tenester, med særleg fokus på digitalisering av maritime operasjonar. Bedrifta er spesialisert på drift av IT-system, utvikling og drift av programvare og ROV-teknologi innan maritim bransje og havbruk.
Tenester:
Amundsen Diving er ei verksemd som utfører eit bredt spekter av tenester innan dykking og ROV-tenester. Arbeidet vert utført frå våre fartøy M/S Scuba og M/S Basen, eller via våre containerbaserte ROV- og dykkesystem. Me gjer alt av arbeid innan:
Me stiller svært strenge krav til sikkerheit og kvalitet på eige arbeid, og den breie erfaringa me har gjer oss òg til konstruktive samarbeidspartnarar ved problemløysing i undervassoperasjoner. Amundsen Diving har base ved hurtigbåtkaien på Rubbestadneset i Bømlo kommune, midtveis mellom Bergen og Stavanger.
Meir kontaktinformasjon ved å trykke på denne linken.
Embicon leverer Embilink-plattforma – eit system som går frå informasjonshenting til presentasjon.
Me forhandlar sensorar, produserer automasjonsskap og lagar presentasjon av dine data slik du vil ha det. Les meir på vår produktside: embilink.net
Gulf Agency Company (GAC) er ein verdsleiande leverandør av shipping, logistikk og marine løysingar for den maritime industrien. Fokus er langsiktig samarbeid, og integrerte tenester mot shopping, logistikk, cruise, marine og energirelaterte marknader, med sterkt fokus på kvalitet og tryggleik.
Tenester:
GAC Norway er ISO 9001:2015 sertifisert av DNV og har omfattande HSSE og CSR system i henhold til krava i olje og gassindustrien.
GAC på Bømlo er lokalisert i Kompetansegaarden (Austbovegen 11) på Rubbestadneset. For meir informasjon, klikk her.
multiSAFE er eit spesialfirma som har lang kompetanse innen brannvern/-sikring og kan tilby serviceavtalar som sikrer din tryggleik. Kort fortalt går det ut på at du får besøk av våre fagfolk som sørger for at naudsynt brannvernutstyr er på plass, og at dette alltid er klart til bruk, i tillegg til ei rekkje andre tenester:
Tenester:
multiSAFE er Veritas-godkjend med lang erfaring, og lokalisert på Rubbestadneset. For meir informasjon, klikk her.
Martech Marine & Industriservice er eit firma som har lang kompetanse og erfaring innan bygging og reperasjon i kompositt.
Tenester:
Martech Marine & Industriservice er lokalisert på Rubbestadneset. For meir informasjon, klikk her.
i4FACTORY er eit teknologiselskap, som saman med industrien, har utvikla ein autonom maskineringsfabrikk. Første fabrikk er etablert på Rubbestadneset. Målet til selskapet er å maskinere delar der behovet er. Det er og under planlegging ein 3D-printerfabrikk.
For meir informasjon om i4FACTORY, klikk her.
Wave Propulsjon AS er eit maritimt konsulentfirma som byggjer på tradisjonen: Korleis skape den optimale båten? Me hentar idear langt tilbake i tid, før motoren kom, til den gong ein bygga båtar som var slanke og straumlinjeforma, lik sjøfuglar, som utnytta elementa rundt seg effektivt under siglasen. Denne tenkjemåten har me i Wave Propulsion med oss i arbeidet vårt.
Det er viktig for oss å skape design som er effektivt og innovativt, og me har stort fokus på bølgjer, og korleis bølgjer kan utnyttast som energiressurs i framdrifta.
Wave Propulsion ble etablert i 2011, og har kontor på Rubbestadneset. Les meir om bedrifta her.
Zinus AS er ein leiande leverandør av landstraumsprodukt, og autonome ladeløysingar for hamner og skip.
Gjennom patentert design og funksjonaltet, har Zinus sett ein ny standard for landstraumsteknologi, som gjev vinst til både miljø og brukarar over heile verda.
Du finn oss nær snøggbåtkaien på Rubbestadneset, og her kan du finne meir informasjon om selskapet.
Masterloop er eit programvareselskap som starta i Stavanger 2013. Selskapet leverer B2B industriell IoT-programvare, komponentar og skytenester til profesjonelle på tvers av ulike forretningsområde.
Masterloop har i dag eit etablert team med til saman 7 profesjonelle IoT-utviklarar, app- og webutviklarar på Rubbestadneset på Bømlo, i Stavanger og Colombo Sri Lanka.
Les meir om Masterloop på nettstaden deira.
Veteranlaget Wichmann Wärtsilä er eit tilbod kor seniorar som er gått ut av yrkeslivet, enten grunna oppnådd pensjonsalder, avtalefesta pensjon, uførepensjon eller annan seniorordning, kan verta medlem. Veteranlaget kan vera med på å leggja til rette ein seniorpolitikk for din bedrift.
Veteranlaget Wichmann Wärtsilä kan tilby seniorane meiningsfulle aktivitetar innanfor ei rekkje område.
Veteranlaget Wichmann Wärtsilä disponerer verkstadslokale for praktiske aktivitetar, arbeidsrom for teoretiske aktivitetar og eit auditorium for kurs og plenumsforedrag.
Kontakt oss for ein samtale om seniorpolitikk.
Bømlo vidaregåande skule er ein skule for læring, meistring og utvikling i samspel med andre. Det lukkast me med gjennom dyktige tilsette som engasjerer seg i kvar einskild elev, eit godt elevmiljø, og ikkje minst undervisningsopplegg og skulebygg som legg opp til sosialt samspel. I tillegg har skulen eit godt samarbeid med offentlege etatar og private bedrifter om praksisplassar for yrkesfag.
Skulen legg til rette for internasjonalisering, og deltek i ulike EU-prosjekt kor skular i Europa samarbeider og har utvekslingar av elevar og tilsette. Vg2 studiespesialiserande klassar har tilbod om ekskursjon (med språkskule innlagt) til Malaga eller Berlin, og yrkesfagklassane har hatt ulike reisemål i Europa.
Bømlo VGS har 250-300 elevar, og følgjande utdanningstilbod:
Skulen har sterke tradisjonar for entreprenørskap og innovasjon, og ungdomsbedrifter og elevar som har delteke i desse, har vunne utmerkingar dei siste åra.
For meir informasjon om Bømlo vidaregåande skule, sjå https://www.hordaland.no/nn-NO/skole/bomlovgs/.
Rubbestandnes vidaregåande skule står for ein stolt og lang tradisjon i utdanning av mekanikarar, elektrikarar, automatiseringspersonell og sjøfolk. Skulen, som er plassert tett på industriklynga på Rubbestadneset, starta i 1950 og har sidan utdanna relevant og etterspurt arbeidskraft.
Skulen har 30 tilsette, plass til 180 elevar, og følgjande utdanningstilbod:
Rubbestadnes vidaregåande skule driv oppdragsverksemd og fagprøveavvikling, er sertifisert av Sjøfartsdirektoratet og DNV GL, og har eit internat med plass til 26 elevar.
Skulen har vidare lange tradisjonar for godt samarbeid med bedrifter i Sunnhordland og langs vestlandskysten, og samarbeider tett med lokalt næringsliv, på sjø og land. Det er ein skule der entreprenørskap og innovasjon står sterkt, og fleire lokale bedrifter har sitt utspring frå denne. For meir informasjon, sjå https://www.hordaland.no/rubbestadnesvgs.
Føl oss òg gjerne på Facebook!
Bømlo vaksenopplæring gir kommunale tenester til vaksne som har rett og/eller plikt til opplæring ut frå Lov om introduksjonsordning, samt ut frå opplæringslova kap. 4.
Oppdraget er å kvalifisere og leggje til rette slik at alle deltakarane får brukt kompetansen sin på alle områder i samfunnet.
Me tilbyr:
• Introduksjonsprogrammet for vaksne innvandrarar
• Norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar
• Yrkesretta norskkurs
• Morsmålsstøtta lese- og skriveopplæring
• Eksamensretta grunnskuleopplæring for vaksne
• Spesialpedagogisk opplæring for vaksne
• Avvikling av nasjonale prøvar i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar
• Realkompetansevurdering
• Rådgiving og karriererettleiing
• Foreldrerettleiing (PMTO og ICDP)
Me samarbeider med 40 ulike bedrifter og kommunale einingar om språk- og arbeidspraksisplassar for deltakarar i introduksjonsprogrammet, og får gjennom programmet god kjennskap til deira kompetanse og erfaring. Gjennom eit tett samarbeid med NMEC ønskjer me å tilby relevant kompetanse ut til medlemsbedriftene.
Me tilbyr òg kurs for tilsette i bedrifter. Dette kan vere datakurs og lese- og skrivekurs (Kompetanse pluss). Det vert også gjeve tilbod om norskkurs for arbeidsinnvandrarar.
Bømlo opplæringskontor tilbyr service, råd og rettleiing for lærlingar og lærebedrifter i Bømlo kommune, i samarbeid med skule og det lokale arbeidslivet.
Bømlo opplæringskontor har òg eit koordinerande ansvar for samarbeid mellom skule og arbeidsliv, med særleg fokus på rekruttering, læreplansarbeid og dimensjonering.
Fagområde:
Automatisering, Tavlemontør, Institusjonskokk, Akvakultur, Motormann, Barne- og ungdomsarbeider, Helse, Sveis, Industrirørlegger, Kontor- og administrasjon, Matros, CNC-operatør, Industrimekaniker, Rørlegger, IKT-service, Salg, Havbruk og fiskeri.
For meir informasjon om Bømlo opplæringskontor, sjekk ut nettsida vår! (kjem snart)
E-post: post@nmec.no
Postadresse: Wichmannvegen 1, N-5420 Rubbestadneset
Organisasjonsnummer: 918 539 468
Dagleg leiar
Nina Ingvaldsen
+47 905 47 929
nina@nmec.no
+47 53 42 25 00
+47 53 01 44 40
+47 53 42 21 00
+47 53 42 81 10
+47 55 30 05 70
+47 46 50 88 88
+47 974 70 010
+47 415 94 405
+47 952 32 238
+47 958 95 393
+47 90808053
+47 992 29 603
+47 908 60 808
+47 90660466
+47 918 62 710
+47 40557077
+47 53428290
+47 99119010
+47 905 47 929
+47 913 88 124
+47 91571866
+47 950 05 110
+47 47906868
+47 417 94 309
+47 90050101
+47 9756 6880
+47 92 45 65 88