Tok med suksessbedrifta til Bømlo

Gründer Jan Helge Skailand etablerte programvareselskapet Masterloop AS i 2013 i Stavanger. Det spennande selskapet har vokst og hatt suksess i ein stadig veksande marknad.


Me møter den hyggelege rogalendingen i finveret i kaibygget på Rubbestadneset, på eit lyst og triveleg kontor i andre etasjen. – Sola har skine her på Bømlo sidan eg kom, slår Jan Helge fast, så denne flyttinga må vera rett!

Frå Stavanger til Bømlo

– Ein grunn til at me flytta hit er at Monika, kona mi, er frå Rolfsnes. Barna våre er begynt å komma i skulealder, og då er det kjekt å komma til ein stad med gode oppvekstvilkår, fortel han vidare. Men næringsklynga og det drivande engasjementet her på Bømlo er også ein viktig grunn. Å opna Bømlo-nytt er mest som å opna Dagens Næringsliv! Det skjer noko i næringslivet heile tida!

Digitalt nervesystem

Jan Helge har ein bakgrunn som utviklingssjef for maritime navigasjonsløysingar (ECDIS) og digitale sjøkart i om lag 15 år, i selskap som Navtor, C-MAP og Jeppesen, før han altså for åtte år sidan etablerte Masterloop. – Kva firmaet mitt driv med kan best forklarast med at vår programvare sørger for at det som skjer i ein ting (produkt) kan lesast av på ein app, via internett. Dersom du t.d. brukar ein Easee-ladar til bilen har du også ein app på mobilen din. Me har laga den programvara som ligg mellom ladaren og appen, forklarar han. Ein måte å forklara det på er å kalla det for det digtale nervesystemet. Utan slike system ville det ikkje vore mogleg å knyta saman det tekniske produktet med appen der du skal styra og lesa av kva som skjer. Dette blir meir og meir vanleg i kommunikasjonen med mange produkt, marknaden aukar for kvar dag som går og teknologien kan brukast til mykje.

Koda grunnmur og konsulentverksemd

Programvara som Masterloop eig er på ein måte ein grunnmur som dei kan utvikla konkrete produkt på ilag med kundane. Det er dette som er dei to føtene i forretningsidéen til verksemda, koding i botn og utvikling av tilpassa produkt på toppen.

Norge og Sri Lanka

Selskapet tel ni personar i dag og sju av dei set på Sri Lanka. – Det er mest umogleg å få tak i nok programmerarar av denne typen i Norge, me har løyst det med å starta ei bedrift i det Indiske hav! Etter seks-sju år ser me at dette fungerer godt, me har lært kvarandre å kjenna og forstå, det er avgjerande for eit godt resultat, seier Jan Helge.– Det har vore flott å komma inn i same bygget som Sunnhordland Technology og Marine Manager her i Rubbestadneset. Å vera tett på spennande, nye og framtidsretta bedrifter er verdifullt. Og rett bak oss ligg Zinus, så det er gode høve til å snakkast og kanskje finna felles interesseområde, sluttar Jan Helge av. – Samtaler og møtestader gir ofte gode synergiar!