UNITECH har vunne viktig oppdrag innanfor flytande vind

Tetraspar Demonstrator Project – eit samarbeidsprosjekt mellom Innogy SE, Shell og Stiesdal Offshore Technologies AS der ein skal teste ut den flytande vindturbinen TetraSpar, har signert kontrakt med UNITECH Offshore AS for leveranse av ein dynamisk kabel og nettforbinding for fullskala test av den flytande vindturbinen utanfor Karmøy. Leveransen finn stad i 2020.

Ekspertar frå UNITECH, Tetraspar Demonstrator Project og investorane har jobba saman i ein “Early Work Agreement” fram mot signering av kontrakten 29. oktober i år.

“UNITECH er veldig stolt av å bli valgt og gjeve moglegheita til å bidra til at TetraSpar Demonstration Project blir ein suksess. Me ser fram til å samarbeide vidare med ekspertar frå Shell, Innogy og Stiesdal Offshore Technologies, og bistå med å få den flytande vindindustrien eitt steg nærmare kommersialisering,” seier Gunnar Birkeland (CEO).

UNITECH har levert ein ny produktkatalog for offshore vind og andre offshore- og undervassapplikasjonar som treng robuste og kostnadseffektive straumkablar. Den nye serien med dynamiske straumkablar er designa for feilfrie operasjonar i Floating Wind Turbine (FWT)-industrien, og er basert på årevis av erfaring og forsking retta mot kjende feilmekanismar i undervasskablar.

FWT Zefyros (tidlegare kjend som Hywind Demo) har blitt valgt som tilknytningspunkt til nettet på land. Zefyros er eigd av UNITECH og er del av den nasjonale testinfrastrukturen gjennom Sustainable Energy-katapulten. Tilknytningspunktet er eit kostadseffektivt alternative samanlikna med å installere ein ny eksportkabel til land for fullskala testprosjekt i havet.

About UNITECH Offshore;

UNITECH is a privately-owned company with headquarter Bergen and facilities in Houston, Perth, Singapore and on the West Coat of Norway. For four decades, UNITECH has supported the clients within subsea Oil and Gas Operation all over the world with state-of-the-art inventions, design and technology. The product portfolio includes connectors and fully-terminated umbilical and cable for topside and subsea applications which are designed and made by UNITECH.

 UNITECH equipment and people support some of the world’s most challenging subsea projects, from the North Sea and U.S. Gulf of Mexico to offshore Australia, Asia and West Africa. Since 2012 UNITECH has made significant investments in the manufacturing facility at Stord, Norway for umbilical and high voltage dynamic power cables.