Zinus Port Power

LOS Gruppen har introdusert ei ny, revolusjonerande produktlinje for ei enkel, tidsbesparande og elegant løysing av landstraumstilkopling. Systemet er levert til hamner i Bergen, Ålesund og Kristiansund, og fleire ordrar er i produksjon. 

Den motoriserte landstraumsmaskina Zinus Port Power har fått eit moderne design som auker attraktiviteten til dei hamnene som tek den i bruk. Det er to hovudtypar av Zinus til no: Ein variant opp til 8,5 meter høg med teleskoparm, som i tilegg gjer elegant kaibelysning, og ein låg variant som er lett å flytte på dersom ein har behov ein annan stad. Begge leverer landstraum i henhold til standardkrav (NEK IEC/PAS 80005-3) opp til 1 000 volt og opptil 1 400 ampere, brukar minimalt med kaiplass, og er vedlikehaldsfrie. Materiala som vert brukt korkje rustar eller flassar, og er utstyrt med smørefrie lager, og dermed fri for oljeprodukt som kunne ha forureina.

For meir informasjon om Zinus Port Power, sjå produktark i menyen til høgre.