NMEC legg ned - gjer 90 000 kr til Ståvo

Rubbestadneset

NMEC, eller Norwegian Marine & Energy Complex, er ei industriklynge som vart etablert på Rubbestadneset 2. mars 2017. Eit samrøystes årsmøte vedtok 8. februar i år å leggje ned foreininga. - Det har vore eit viktig, godt og utviklande samarbeid for industriklynga på Rubbestadneset, seier styremedlem Oddgeir Alvsvåg på årsmøtet til næringsrådet førre veka.

Målet med å etablere industriklynga var å synleggjere alt ein kunne gjere på ein stad, altså Rubbestadneset som ein one stop shop, synleggjere teknologiutviklingsprosjekt som gjekk føre seg hos bedriftene på Rubbestadneset, halde i trådane i arbeid med ny reguleringsplan, representere bedriftene på Rubbestadneset i ulike fora, legge til rette for meir samarbeid mellom bedriftene der, og trekkje fleire bedrifter til staden.

Sidan oppstarten har det kome til fleire nye bedrifter, både knoppskytarar som Marine Manger, i4Factory, Zinus og LOS Cable Solutions, men òg tilflytta bedrifter som MasterLoop, GAC og BG Betong til området. Talet på nye arbeidsplassar i Rubbestadneset sidan 2017, både i form av vekst i eksisterande bedrifter, og tilvekst i nye, nærmar seg no 100 stykk.

NMEC sentral i pilotprosjektet for Bømlo vgs

Det viktigaste prosjektet industriklynga jobba med i perioden, var pilotprosjektet for Bømlo vgs. Bømlo Næringsråd var òg med og finansierte arbeidet NMEC gjorde i prosjektgruppa, som hadde til mål å komme opp med ein ny modell for vidaregåande opplæring på Bømlo, som skulle styrkje samarbeidet skule-arbeidsliv.

Arbeidet med Bømlomodellen og Bømlo vgs har gjeve gode resultat til no, med tanke på at fylket i desse dagar vedtek å utvide frå to til tre linjer for vg1 elektro- og datateknologi, to til tre klassar vg2 maritime fag, og ikkje minst ei naturbruk- og akvakulturlinje på Bømlo – eit sårt tiltrengt tilbod for å sikre kompetanse til havbruksnæringa. Løysinga me har på Bømlo i teknologisenteret på Rubbestadneset, med vidaregåande opplæringa saman med næringslivet under same tak, hauster mykje positiv merksemd, langt utanfor kommunegrensene. Zinus er allereie inne, og LOS Elektro og LOS Gruppen flyttar inn no før sommaren.

Det er næringslivet sine behov som skal vere førande for linjetilbodet på Bømlo vgs. NMEC, og etterkvart Bømlo Næringsråd, har saman med bedriftene her på Bømlo arbeida målretta og strukturert ut mot elevar på ungdomsskulen sidan 2018, for å få dei til å velgje utdanningar næringslivet har behov for, og då linjer på vår lokale skule. Næringsliver møter elevane i skulen, på yrkesdag, open dag, utdanningsmesser med meir, og fokuset er å løfte fram yrkene me veit næringslivet har bruk for framover.

NMEC gjekk inn i næringsrådet

I 2021 kom NMEC til eit punkt der reguleringsplanen for næringsområdet var klar, nettstaden som viste alt på one-stop-shopen var på plass, og HMS-opplæringa som er felles for heile industriområdet på kaien var publisert, og oppgåvene vart stort sett vridde mot næringsoppgåver som omhandla heile næringslivet på Bømlo. I 2021 samorganiserte difor NMEC seg med Bømlo Næringsråd, og 8. februar 2024 vedtok årsmøtet i klynga på Rubbestadneset og legge seg ned.

90 000 kr til Ståvo

NMEC sine vedtekter seier at pengane som står på konto ved nedlegging, skal gå til sosiale formål. Styret i NMEC har hatt ein runde på kven som skal få pengane, og har landa på ein organisasjon som tok kontakt med NMEC januar 2019, og ba om midlar, areal og/eller utstyr til å etablere Bømlo Makerspace. Ei skaparståve for store og små, som skal legge til rette for grunderar, entreprenørskap og innovasjon. Der ein kan få tilgang på utstyr og eit miljø, til å utvikle skaparen i seg sjølv.

Bømlo Makerspace har jobba målretta sidan denne gong med å få organisasjon, utstyr og frivillige på beina, og har no etablert ei skaparståve i det gamle biblioteket på Sams Senter. Dette er eit tilbod for alle, men særleg retta mot born og unge, der dei tilbyr eit fritidstilbod innan grunderskap og innovasjon. Eit aktivitetstilbod utover idrett og kultur.

Styret i NMEC har latt seg inspirere av reisa til Bømlo Makerspace frå første henvending i 2019, og vil difor gje midlane att på konto ved nedlegginga til Ståvo.

Kontaktpersonar

Me ønskjer deg eit triveleg opphald her på Rubbestadneset!

Clement Stautland
Clement Stautland
Sales Manager, Wärtsilä
+47 931 88 112
clement.stautland@wartsila.com
Olav Urang
Olav Urang
Selgjar, LOS Marine
+47 901 64 690
olav.urang@los-marine.no